Dette er ein testversjon av portalen. Innhald og API-ar er under utvikling og kan endre seg utan varsel.

KI-agentar

Bruk opne data frå regjeringa.no i KI-agentar som GitHub Copilot, Claude og Cursor.

Kva er MCP-serveren og ferdigheitene?

MCP-serveren gir agenten verktøy for å søkje i og lese data frå API-a våre, til dømes høyringar, kalenderhendingar og Offisielt frå statsrådet. MCP (Model Context Protocol) er ein open standard for å kople KI-agentar til datakjelder.

Ferdigheitene (Skills) er ferdige oppskrifter som lærer agenten når og korleis han skal bruke verktøya, til dømes å finne rett datasett eller undersøkje ei høyring.

Kom i gang i tre steg

Adressene peikar på testmiljøet. Nøklar frå testmiljøet verkar berre der.

1. Hent ein API-nøkkel

Alle verktøya treng ein API-nøkkel, også katalogen over datasett. Hent ein API-nøkkel på framsida.

2. Installer MCP-serveren

Vel agenten din. MCP-serveren krev nøkkelen i kvar førespurnad, så alle oppsetta under tek han med. Nøkkelen blir lagd inn i agenten, ikkje i filer du deler med andre.

Knappane for VS Code og Cursor opnar programmet på maskina di. VS Code spør etter nøkkelen og lagrar han trygt. Cursor les nøkkelen frå miljøvariabelen REGJERINGEN_API_KEY. GitHub Copilot CLI brukar ikkje nøkkelen VS Code har lagra, heller ikkje når du køyrer Copilot CLI-økter i VS Code. Legg til serveren med kommandoen for Copilot CLI.

Claude Code

claude mcp add --transport http --scope user regjeringen-open-data \
  https://api.test.data.regjeringen.no/mcp \
  --header "Ocp-Apim-Subscription-Key: <your-key>"

GitHub Copilot CLI

copilot mcp add --transport http regjeringen-open-data \
  https://api.test.data.regjeringen.no/mcp \
  --header "Ocp-Apim-Subscription-Key: <your-key>"

mcp.json (VS Code)

{
  "inputs": [
    {
      "type": "promptString",
      "id": "regjeringen-subscription-key",
      "description": "data.regjeringen.no Subscription Key",
      "password": true
    }
  ],
  "servers": {
    "regjeringen-open-data": {
      "type": "http",
      "url": "https://api.test.data.regjeringen.no/mcp",
      "headers": {
        "Ocp-Apim-Subscription-Key": "${input:regjeringen-subscription-key}"
      }
    }
  }
}

3. Legg til ferdigheitene

Køyr kommandoen i prosjektet ditt for å installere ferdigheitene i agenten:

npx skills add https://test.data.regjeringen.no

Har du alt installert ferdigheitene? Køyr kommandoen over på nytt for å få nye og oppdaterte ferdigheiter, eller oppdater dei du har:

npx skills update

Verktøy

Verktøya MCP-serveren tilbyr, gruppert etter API. Skildringane er på engelsk.

Kalenderhendingar

Innhaldsoversyn

Datakatalog (DCAT)

Organisasjonsinformasjon

Offisielt frå statsrådet

Høyringar og innspel – publiserte svar

Ferdigheiter

Ferdigheitene som kan installerast no. Skildringane er på engelsk.

Nye og endra verktøy og ferdigheiter står i endringsloggen.