Dette er ein testversjon av portalen. Innhald og API-ar er under utvikling og kan endre seg utan varsel.

Lisens og vilkår for bruk

Dataa frå API-a og datasetta er gratis og tilgjengelege for alle under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Du kan kopiere, bruke, endre, setje saman og dele dataa, også kommersielt, så lenge du følgjer vilkåra under.

Lisens

Les grundig alle vilkåra for bruk i den standardiserte lisensen for offentlege data: Norsk lisens for offentlige data (NLOD) (på bokmål).

Oppgi kjelde

Regjeringa.no skal oppgivast som kjelde når du brukar data frå tenesta, til dømes: «Inneheld data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD) gjort tilgjengeleg av regjeringa.no». Kjeldetilvisinga skal vere godt synleg og stå i samanheng med innhaldet.

Ikkje villeiande bruk

Dataa skal ikkje presenterast på ein måte som verkar villeiande, og heller ikkje forvrengjast eller framstillast uriktig. Du kan ikkje endre innhaldet slik at meiningsinnhaldet blir endra.

Ikkje framstå som regjeringa.no

Du kan ikkje lage tenester eller nettsider som framstår som om dei er laga av eller godkjende av regjeringa.no eller departementa.

Hald deg innanfor lova

Du kan ikkje bruke dataa på nettsider eller i tenester som bryt norsk lov.

Ansvar

Departementenes digitaliseringsorganisasjon (DIO) tek ikkje ansvar for konsekvensar som følgje av feil i systemet. Dataa blir leverte som dei er og kan innehalde feil og manglar. DIO tek heller ikkje ansvar for tap som følgje av planlagde eller uføresette driftsavbrot eller endringar i API-a. Endringar blir varsla i endringsloggen.

Kontakt

Har du spørsmål om lisensen eller bruken av dataa, send ein e-post til opnedata@dio.dep.no.